<$BlogRSDUrl$>

23.5.06

Grundtvig (post festum) 

Det mykje omtala Grundtvig-seminaret "Salmediktaren Grundtvig og det danske i det nynorske" fann stad sist laurdag. Roger Lockertsen fekk rett, det blei over 100 interesserte deltakarar.

Det heile tok til med konsert i Uranienborg kyrkje. Sigvald Tveit gjennomførte i fin stil som huskomponist, ensembleleiar og pianist (sjølv med berre ni operative fingrar. Den tiande var kraftig bandasjert. Sigvald hadde ikkje gått fullt så langt som den uvillige rekrutten i Peer Gynt, men det hadde vore nære på). Jon Eikemo las Jon Fosses gjendikting av Kædmon-kvadet.

Så var det seminar, arrangert av Nynorsklaget, Uranienborg kyrkjelyd og Norsk Hymnologisk Forening. Det var gildt. Den danske litteraturprofessoren Erik A. Nielsen heldt ei svært godt og konsist føredrag om salmediktaren Grundtvig. Om hans landsmann Jan Lindhart, biskop i Roskilde og retorikar-guru, må eg nok seie at denne gongen gjorde han større inntrykk som predikant (dansk-nynorsk høgmesse i Uranienborg kyrkje sundag) enn som føredragshaldar. Folkehøgskolerektor Arild Mikkelsen tala - entusiastisk og godt - om norsk folkehøgskolesoge. Dr. theol. Synnøve Heggem hadde spennande lesingar av bruremotiv i Grundtvig-salmane. Sjølv fekk eg avslutte med å seie noko om Grundtvig og Blix. Det kan du få høyre meir om ein annan gong. Eg trur det gjekk bra. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen oppsummerte.

Og sundag var det gudsteneste. Lindhart preika, Ralph D. Kolnes var liturg på stavangernynorsk, kor og orkester under leiing av Alf Årdal og Grundtvig-salmar så det ljoma.
# lagt inn 23.5.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?