<$BlogRSDUrl$>

22.6.06

Festspeldag 1 

er nett over. Eg stod over den høgtidelege opninga, det hadde visst vore folk nok der, bra folk òg. Bokmålsforfattarane Karsten Alnæs og Anne Oterholm (den siste også kjend som leiar av forfattarforeininga, festspeldiktar Olaug Nilssen og "Dei nordiske tenorane" alias "Nordic Tenors".

Derimot fekk eg med meg konserten til det sist nemnde ensemblet, alias Sveinung Hølmebakk, Jan-Tore Saltnes og Aasmund Kaldestad, pluss akkompagnatør Sjur Hjeltnes. Utekonserten var flytta inn i Salen sidan veret hadde vore så ymse før på dagen; ved konsertstart var det strålande sol. Ein fullsett og entusiastisk sal fekk mellom anna høyre ein svært vakker nynorsk versjon av Beatles-songen "She is leaving home", ein fullstendig utagerande versjon av "Only you" (eg lo så eg grein), ein fantasifull "miniopera" (dei sa det var ei urframføring av operaen "Ivar Aasen", men det meste av teksten var italiensk og det meste av musikken har eg spela på operagalla med Oslo Symfoniorkester, så meg lurer dei ikkje) og ein storslått musikal-medley. Bonus: Utdeling av prisen "Årets nynorskbrukar", ei oppriktig stolt Kari Traa, ved dette høvet i vossabunad. Prisutdelinga skulle vore i samband med opningsseremonien, men Widerøes Flyveselskap greidde ikkje å få prisvinnaren fram i tide.

På veg opp til Aasentunet møtte eg først dokumentasjonsleiaren på sykkel, deretter den gamle speidar kyrkjeverja i Volda (i rolla som parkeringsvakt), i inngangspartiet råka eg nynorskbibelspesialisten frå Hovdebygda (i morgon skal vi saman gå laus på eit arkiv ingen av oss har studert før) og forlagsredaktøren min, festspeldiktaren sjølv fekk eg også helse på. Det teiknar til å bli innhaldsrike dagar.

Eg kom på at eg gløymde å nemne det nummeret "Nordic Tenors" innkasserte mest applaus for: Ragnar Hovlands gjendikting av Liverpool-hymnen "You'll never walk alone". Som kjent er eg veldig uinteressert i fotball.

Oppdatering, 22.06.06: Gjett kven som har fått profilere festspela i media etter denne dagen? Svar finn du her og her og her og her og her. Ei noko meir allsidig dekning av opninga finn du på nesteklikk.no.
# lagt inn 22.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?