<$BlogRSDUrl$>

23.7.06

Universitet 

Universitetene og nasjonalismen
er tittelen på vekas leiarartikkel i Morgenbladet. Nøkkelspørsmål:
Skal universitetene ansette de best kvalifiserte søkerne uavhengig av nasjonale hensyn, eller skal norsk statsborgerskap være en kvalifikasjon i seg selv?
Bakgrunnen for leiaren er ein artikkel av og eit intervju med Nina Dessau i same avis.

Det er lite som er nytt under sola, seier ei gammal bok. Denne problemstillinga var høgst aktuell for professor & utdanningsminister Elias Blix. Ved to professorutnemningar gjekk han inn for utanlandske kandidatar.

Hausten 1884 blei svensken Pontus Wikner utnemnt til professor i filosofi. Det fall mange gode nordmenn tungt for brystet.

Vinteren 1887/1888 innstilte statsråden dansken Anders Bjørn Drachmann til professoratet i latin. Sverdrup-fraksjonen i regjeringa gjekk inn for nordmannen L. B. Stenersen, som til slutt blei utnemnt, men først etter at Elias Blix hadde forlate regjeringa. Denne tilsidesetjinga av hans faglege votum var nok dråpen som fekk begeret til å flyte over.
# lagt inn 23.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?