<$BlogRSDUrl$>

26.10.06

Aasen komplett 

Sunnmørsposten:
Ordsamlaren Ivar Aasen
I dag vart det siste bandet i ti-bandsserien som samlar Ivar Aasen sine skrifter lansert. I denne boka tek forfattarane mellom anna føre seg sunnmørske ordspråk, som til dømes: "Ein lyte drikke, so einn hè' bryggja".
Men det spørst om ikkje den siste avdelinga kjem til å vekkje størst offentleg interesse:
I det siste bandet i ein ti-bandsserie om Ivar Aasen sine skrifter tek forfattarane føre seg ordspråk, personnamn, sunnmørske stadnamn, plantenamn, dyrenamn og, kanskje noko overraskande, sexualia.

Ingenting skulle nemleg vere utelate frå Aasen sitt språk. Derfor systematiserte han òg ord som hadde med det kjønnslege å gjere.
Artikkelen er illustrert med eit vakkert bilete av dei tre utgjevarane Terje Aarset, Jarle Bondevik og Oddvar Nes. BlixBlog gratulerer så mykje med fullføringa!

Les meir.
# lagt inn 26.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?