13.11.06
Kyrkjemøteblogg
BlixBlog har ikkje tenkt å følgje kyrkjemøtet, som tok til på Lillehammer-kanten i dag, dette er eit for moderne fenomen. Ikkje for det, eit av dei tre lovforslaga til ny kyrkjeordning som blei lagt fram for Odelstinget i 1887 ville institusjonalisere eit kyrkjemøte. Men eg fall for eit innlegg frå kyrkjemøtebloggar Harald Gundersen.
«Trond Giske kommer på Kirkemøtet, hører på sitt eget innlegg og stikker etter en kjapp middag.» Delegat og vl.no-blogger Harald Gundersen er ikke imponert over kirkeministerens kirkeinteresse.Dessutan er Per Kristian bror på kyrkjemøtet som medlem av sekretariatet. Kor mykje nattesøvn det blir på han denne veka, står det att å sjå. Eg har ein mistanke om at stat/kyrkje-saka kjem til å krevje nattarbeid.