<$BlogRSDUrl$>

20.12.06

Dagens Blix 

Herre Jesus, lat meg læra
Av ditt Ord og av di Gjerd,
At eg søkja skal Guds Æra
I mitt Liv og all mi Ferd;
Ikkje fyr mitt eiget syrgja,
Berre etter ein Ting spyrja,
Berre paa det eine sjaa,
At Guds sak eg fremja maa!

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 24-26

Serien med ikkje-julesalmar frå Salmar og Songar held fram. Salmen blei først publisert i Stille Stunder i 1894. Salmen står i Norsk Salmebok (nr. 420) og sørgjer for at det framleis finst ei fiskarbu i salmeboka. I "Kved opp, Guds Folk, syng høgt i kor" (NoS 224) er den dessverre fjerna.

Salmen er ikkje så veldig biletrik, men den er eit fint døme på den helginga av kvardagen som er så karakteristisk for delar av den nynorske salmediktinga.

Heile salmen
Førre Dagens Blix
Norsk Salmeleksikon nr. 1333
# lagt inn 20.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?