<$BlogRSDUrl$>

13.1.07

Dagens Blix 

Vil du paa Skeidvoll renna
Og Sigerskransen naa,
Du kvar ei Sin maa spenna,
Kvar Tanke setja paa,
At du kann halda ut
Og inkje Misfall lida,
Men mannleg fram deg strida
Og Siger faa til Slut!

Og skal i Skeid du vinna
Du vel deg vara maa;
Du dagleg maa deg minna,
At alt du held deg fraa,
Som Krafti spilla kann
Og deg i Skeidet seinka
Og i ditt Maal deg meinka:
Aa verta Yvermann.

---
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 34-36

Det er lite kjent i dag at Elias Blix har skrive ein toppidretts-salme. Bakgrunnen for "Den gode Striden", som salmen heiter, er sjølvsagt epistelteksten for sundag septuagesima (Vingardssundagen, heiter det no) etter den gamle andre tekstrekkje, frå 1. Korintarbrev 9, her sitert etter Fyrebilsbibelen (1921):
24 Veit de ikkje, at dei som kapprenner på skeidvollen, dei renner vel alle, men ein tek sigersprisen? Renn då soleis, so de kann få honom!
25 Kvar den som er med i tevling, er fråhaldande i alt, hine so dei kann få ein forgjengeleg krans, men me ein uforgjengeleg.
26 So renner eg då soleis, ikkje som på det uvisse; eg fiktar ikkje som den som slær ut i veret.
27 Men eg tvingar min likam og trælkar honom, so ikkje eg som preikar for andre, skal sjølv verta funnen uverdig.
Skeidvoll tyder ifølgje Aasen: "Ridebane, Plads for Kapridning el. Væddeløb". Ut frå verbet skrida (strofe 3-4) er det freistande å tolke Blix slik at han har tolka Paulus i skeiseløp-kategoriar (referansen er sjølvsagt Olav H. Hauge, "Kuppern skrid i Squaw Valley"), det ville passe godt i norske kyrkjer ein vintersundag i februar.

Det blei for spesielt. Alt i Landstads reviderte og Nynorsk salmebok er førstelinja blitt til "Vil du mot målet renna".

Eg kjenner ikkje nokon tidlegare publiseringsstad før Salmar og Songar. Det er vel ikkje urimeleg å lese desse bibel-rima som biprodukt av revisjonsarbeidet med Det nye testamentet. Blix var ansvarleg for denne revisjonen, og den reviderte utgåva kom i 1899.

Heile salmen.
Dagens Blix her om dagen.
Norsk Salmeleksikon nr. 3850
# lagt inn 13.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?