<$BlogRSDUrl$>

14.2.07

Arv 

I Norge IDAG skriv Dag Rune Lid, Norheimsund eit debattinnlegg under tittelen "Tenn vardar for vår kristne arv":
Frå gamal tid tende dei vardar på fjella som varsla fienden. På dette viset kunne bodskapen om angrep varslast frå landsende til landsende og vekkje opp folket til kamp for folk og fedreland.

Me opplever for tida at regjeringa prøver på ulike vis å fjerne det som har med vår kristne arv å gjere. Den arv som har vore til så stor velsigning for vårt folk og land. Elias Blix gjev oss dette veldige perspektiv når han skriv: «Vårt heimland i mørker lenge låg, og vankunna ljoset gøymde. Men, Gud, du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde. Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde.»

For tusen år sidan fekk me ljoset her nord, og Guds nåde var stor i mot Noreg. No opplever me at dei styrande vil ta dette ljoset bort frå heim, skule og samfunn. Det regjeringsutnemnde Bostadutvalet har no lagt frem fire utkast til nye formålsparagrafar for barnehage og skule, og me anar at regjeringa vil ta nye grep for å fjerne enno meir av vår kristne arv.
Ein kan forstå at det er nærliggjande å ty til Blix i slik ei stund. Men programmet "norskdom og kristendom" kan fort få ein annan valør i dag enn det hadde i hans tid. Eg ser ikkje bort frå at Blix sjølv kunne ha hevda slike synspunkt, hadde han vore mellom oss. Men eg ser heller ikkje bort frå at han ville ha sett dei prinsipielle problema eit pluralistisk samfunn reiser. Elias Blix var ein varm tilhengar av skolelova av 1860, og han var involvert i førearbeida til skolelova av 1889 - to viktige steg i sekulariseringa av skolen gjennom utviding av fagkretsen med andre fag enn religionsfaga. Føremålsparagraf og kyrkjetilknytning rørte han rett nok ikkje ved.

Det kan vere mang ei lekse å lære av historia. Men det er ikkje alltid eintydig kva pensum eigentleg er.

Les meir.
# lagt inn 14.2.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?