<$BlogRSDUrl$>

4.4.07

Dagens Blix 

Prof. Dr. E. Blix
skreiv for mange aar sidan desse 4 innskrifterne til ei kyrkjeklokke i Tjølling; det var sokneprest Sounichsen som hadde bede professor Blix um dette. Soknepresten valde det fyrste som vart grave inn i klokka. Sidan sende han baade dette og dei tri andre til biskop Bang som no hev sendt dei til "Den 17de Mai".

I Halsen kapel, Tjølling:
I Herrens hus, naar klokka lyd,
gakk hugheilt inn, Guds kyrkjelyd,
høyr Luthers sanne læra!
Med tru paa barnedaapens grunn,
hans pakt i hjarta og i munn,
giv Herren lov og æra.

Fyreslegne:
I. Eg skal heita helgarljod,
for um helg eg stødt ber bod:
Helg i kyrkja her paa jord,
helg tilsist i himmelkor.

II. Eg heiter helgarklang
og kallar til helg og kyrkjegang
og sidan til kvila i Guds fang.

III. Eg heiter himmelklang
og kallar Guds folk til hans frelsarfang.

-----
Den 17de Mai 27.04.1912

Slik er historia bak dei "Fire innskrifter til kyrkjeklokkor" som står i den samla minneutgåva av Elias Blix' Salmar, songar og kvad (Bergen: Lunde, 1936) s. 316. Dvergmål har gjort fine versjonar under tittelen "Klokkerim", dei har forkorta det første noko. Eg er ikkje så god i Vestfolds kyrkjehistorie, men valet av det erkelutherske rimet som inskripsjon på klokka i Tjølling har kan hende ein lokal polemisk kontekst? Stod baptistiske tendensar sterkt i Larvik-området, t. d.? Det er jo ikkje langt til Grenland, der Lammers-vekkinga tok til og baptistane hadde nokre av dei tidligaste norske kyrkjelydane sine. Sokneprest Sønnichsen er ingen annan enn den tidlegare soknepresten til Lårdal i Telemark, som i jula 1884 tok "Nokre Salmar" i bruk i kyrkja.

Ein ting har eg ikkje greidd å få svar på (dei er visst litt opptekne på kyrkjeleg hald i Larvik med nokre friske personalkonfliktar): Finst kyrkjeklokka med Blix-inskripsjonen framleis? Eg trur ikkje kapellet eksisterer lenger.
# lagt inn 4.4.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?