11.4.07
Dagens Blix
Den fagre Tonen til denne Salmen og til Nr. 35 fann dei millom Papiri etter Blix. Det er ei ny - og vel til no ukjend - Evna hjaa vaar store Salmediktar, me fær læra aa kjenna gjenom desse Tonarne.Salmar ved Dr. E. Blix (Norsk Salmebok-Samlag, Oslo 1902)
Heftet er på 32 sider og inneheld 39 Blix-salmar. Føreordet av Klaus Sletten, på vegner av Norigs ungdomslag, er datert juni 1902. Eg fann eit eksemplar i papira etter Peter Hognestad i Riksarkivet. Klikk på biletet for ei utgåve i full storleik (ikkje så veldig stor, dessverre). Blix har vel notert tonen i C-dur for å gjere det lettvint for seg, mange av oss vil nok transponere eit par tonar ned. G-dur skulle gå bra.