25.6.07
Blix mot Dass
"Blix" i dette Aftenposten-innlegget viser seg å vere Rune Blix Hagen. Ny runde i Petter Dass-feiden, med andre ord. Eg gjer merksam på innlegget fordi det er godt, og fordi det er skrive av ein av mine desiderte favoritt-historikarar, Narve Fulsås ved Universitetet i Tromsø (du MÅ lese Havet, døden og vêret! Boka om Ernst Sars er òg god). Eit karakteristisk sitat illustrerer stilen i Fulsås' analytiske prosa:
Kritikken mot dei som skal ha etablert eit falskt Dass-bilete på 1800-talet, er at dei reiv han laus frå si autoritære samtid. På same tid er Hagens kritikk av Petter Dass forsyne meg at han tilhøyrde si eiga samtid, og ikkje vår demokratiske tidsalder, og at derfor må vi fordømme han.Få òg med deg visitten til Jostein Fets bokhistoriske arbeid.