26.8.07
Dagens Blix
"Kring 1860 sette Blix om eit brot av 'Saga um Eirik Vidførle' med tanke på 'Dølen', men stykket vart liggjande uprenta til 1903," skriv Reidar Djupedal (Der eit fjell stig mot sky, s. 198). Reidar Bolling (Elias Blix, s. 73) har same opplysninga, men utan årstal for prenting.
Denne teksten har eg leita lenge etter og endeleg funne, i ei utklippsbok etter Marie Blix, eldste dotter til Elias Blix. Du skal få historia seinare.
To spørsmål finn eg ikkje ut av, så eg bed dei lærde lesarar av BlixBlog om hjelp:
1. Kor kan dette ha vore publisert? Dessverre har ikkje samvitsfulle Marie skrive ned publikasjonsstaden denne gongen. Av papir og spalter kan det sjå ut til å handle om ein publikasjon i avisformat, men Den 17de Mai er det ikkje, så vidt eg kan sjå.
2. Kva for ein norrøn tekst er eigentleg dette?
Du kan lese heile teksten her (sjølv om korrekturlesinga ikkje er heilt god.)
Sjå større bilete her.
316
I dag gjer BlixBlog eit unntak og gjev spalteplass til ein bokmålsdiktar.
Presten og salmediktaren Eyvind Skeie lanserer si eiga salmebok, 316 sanger og salmer, i dag, 26. august, ved ein salmekveld og konsert i Nordstrand kyrkje i Oslo kl. 19.00. Eg får ikkje vore til stades, det er ein familiær fireårsdag som har prioritet. Men både du og eg får sjansen seinare, for Eyvind kjem på turné til ei kyrkje nær deg, jamvel til oss i Enebakk (24. oktober).
I tillegg til salmediktinga har Eyvind Skeie minst to ting til felles med Elias Blix: 1. Han gjev ut salmebok med berre eigne tekstar. 2. Han sympatiserer med Venstre (56. listekandidat ved kommunevalet for Oslo, 16. ved valet til bydelsutval for Nordstrand).

16.8.07
Haustlansering
I går hadde Samlaget haustlansering. Eg må lære meg korleis slikt gjerast, så eg sørga for å få med meg både pressekonferansen i Det Norske Teatret om føremiddagen og festen i forlagshuset om kvelden. Eg har hatt inntrykk av at dei har det hyggeleg i Samlagsstallen, og det stemmer. Mellom opplesarane på pressekonferansen var Alfred Fidjestøl (eg må få lese den Sivle-biografien, eg er imponert over det eg har sett og høyrt) og Jon Fosse, om kvelden gav Arne Torp ein performance knytta til boka hans om lyden R, og Odd Nordstoga song for deg og meg. Elles har det jo vore mykje merksemd om Einar Førde dei siste dagane, utan at eg kjem til å følgje det opp her. Ungdomsbokforfattar i medvind Ingelin Røssland fekk Sigmund Skard-stipendet.
Om lanseringa og haustlista i Dagsavisen (og her), Dagbladet, Bergens Tidende og på utdanning.ws.
Om lanseringa og haustlista i Dagsavisen (og her), Dagbladet, Bergens Tidende og på utdanning.ws.
10.8.07
Reklame
Eg er usikker på om dette er gratisreklame eller tjuveri, men denne annonsen i dagens A-magasin må bror min (ikkje norsklæraren, men kyrkjehistorikaren) få kjennskap til. Han skriv dikt med bokstavkjeks og et dei opp etterpå.
9.8.07
Eit halvt liv
Så er den her. Eit halvt liv er tittelen på Per Sivle-biografien som Alfred Fidjestøl gjev ut på Samlaget. Ingunn Økland melder boka, svært positivt, i Aftenposten i dag.
Oppdateringar:
Oppdateringar:
- 09.08.07: Intervju med forfattaren i hans eiga avis, Klassekampen.
- 09.08.07: Intervju med forfattaren og melding av boka (Gro Jørstad Nilsen) i Bergens Tidende.
- 10.08.07: Omtale i Drammens Tidende ("Biografier om litterære storheter inneholder sjelden mye drama og de pleier heller ikke å handle om Drammen.")
- 10.08.07: Intervju med forfattaren i Morgenbladet - om du er abonnent. Sitat:
Noe av det fascinerende med Sivle er jo at hans liv sammenfaller med den artigste epoken i Norges historie. Her skjer det ting, både politisk og teologisk, litterært og vitenskapelig. Uten at Sivle er den viktigste i tiden, så dukker han opp på flere av de viktigste arenaene. Han har en posisjon i forhold til bohemen, er på et viktig sted for kampen om parlamentarismen og så dumper han ned i Drammensmiljøet, hvor arbeiderklassen vokser frem og hvor han blir øyenvitne til at en gutt blir drept i opptøyer. Så havner han i Askov, som er et viktig skandinavisk knutepunkt, og han er tilbake i Kristiania i det Venstre revner – i en ekstremt utsatt posisjon som redaktør av Kristianiaposten og prygelknabe for begge sider. Resultatet er at man følger norsk historie gjennom en person på gateplanet i stridene, en person som ikke er noen strateg, men likevel interessant.
Eg får prøve å unne Fidjestøl å kome meg i forkjøpet, eg har nemleg tenkt å seie noko liknande om Elias Blix ... - 10.08.07: FIRE heilsider om Sivle i Dag og Tid. Meldinga til Bjørn Kvalsvik Nicolaysen ("Heilstøypt om halvgjort livsverk") og omtalen av "Dikt i samling" kan du lese på nett, for intervjuet med Fidjestøl og må du ty til papir eller PDF. Mykje anna litteraturstoff her òg, frå Jonas Lie/Harald Bache-Wiig via Francis Bull (der Asbjørn Aarnes jamvel kjem innom Jonas Lie) til Rolf/Trond Kirkvaag (nei, der står det ikkje noko om Jonas Lie).
- 20.08.07: Melding i Dagbladet (Kåre Bulie).
- 22.08.07: Intervju i Dagsavisen.
6.8.07
Festspeldiktaren
Aasentunet i går: "Lars Amund Vaage blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2008."
Det var på høg tid.
Det var på høg tid.
4.8.07
150
Som nemnt i forrige post, det er 150 år sidan Ivar Mortensson-Egnund blei fødd. Dessutan er det
- 150 år sidan Elias Blix fekk eit årsvikariat som lærar ved lærarseminaret i Tromsø
- 150 år sidan Per Sivle blei fødd. Kaja Korsvold skriv ein stor artikkel om Sivle i Aftenposten i dag, og i haust kjem Sivle-biografien til Alfred Fidjestøl.
3.8.07
Savalguten
"Ivar Mortensson-Egnund 150 år".
Dag og Tid markerer jubileet med ein stor artikkel av Arne Dag Østigaard. Det er det all grunn til. Alvdølen, målmannen, teologen, pressemannen (Fedraheimen!), diktaren, omsetjaren (både Edda og Bibelen!), anarkisten, mystikaren og presten (seinast i Løten) Ivar Mortensson var mellom dei mest fortrulege venene til Hulda og Arne Garborg. Mortensson tok artium i 1875 og embetseksamen i 1883, så han kan godt ha hatt Elias Blix som lærar i hebraisk og bibelfag - om han no hadde tid til å følgje førelesningar. Bondestudentar måtte arbeide, må vite. Sikkert er det at han følgde statsråd og bibelomsetjar Blix tett som Fedraheimen-redaktør.
Av korrespondanse i Kyrkjedepartementets arkiv går det fram at Ivar Mortensson i 1887 var påtenkt som omsetjar i sluttfasen av arbeidet med landsmålstestamentet. Men spora etter han stoppar der, kan hende blei det ikkje noko av likevel fordi Blix gjekk ut av regjeringa og attende til bibelomsetjinga i februar 1888? I Fedraheimen publiserte Mortensson ei rad bibelavsnitt (utdrag av Kolossarbrevet, Jesaja, Job, Ordtøka og Forkynnaren), og i Fyrebilsbibelen (1921) omsette han Høgsongen, Amos og Joel. Eg greier ikkje la vere å nemne at eg sjølv har teke del i nyomsetjinga av den siste boka. Går alt bra, kan du kjøpe prøveutgåva av Joel og nokre andre bibelbøker som julebok frå Bibelselskapet i år.
Ivar Mortensson-Egnund i Nettbiblioteket, Ivar Aasen-tunet
"Ivar Mortensson-Egnund: Rabulist og romantikar," artikkel av Audun Skjervøy i Dag og Tid 07.01.1999
Edda-kvæde (frå Heimskringla.no)
Fyrebilsbibelen (frå Studentmållaget)