<$BlogRSDUrl$>

3.8.07

Savalguten 

"Ivar Mortensson-Egnund 150 år".

Dag og Tid markerer jubileet med ein stor artikkel av Arne Dag Østigaard. Det er det all grunn til. Alvdølen, målmannen, teologen, pressemannen (Fedraheimen!), diktaren, omsetjaren (både Edda og Bibelen!), anarkisten, mystikaren og presten (seinast i Løten) Ivar Mortensson var mellom dei mest fortrulege venene til Hulda og Arne Garborg. Mortensson tok artium i 1875 og embetseksamen i 1883, så han kan godt ha hatt Elias Blix som lærar i hebraisk og bibelfag - om han no hadde tid til å følgje førelesningar. Bondestudentar måtte arbeide, må vite. Sikkert er det at han følgde statsråd og bibelomsetjar Blix tett som Fedraheimen-redaktør.

Av korrespondanse i Kyrkjedepartementets arkiv går det fram at Ivar Mortensson i 1887 var påtenkt som omsetjar i sluttfasen av arbeidet med landsmålstestamentet. Men spora etter han stoppar der, kan hende blei det ikkje noko av likevel fordi Blix gjekk ut av regjeringa og attende til bibelomsetjinga i februar 1888? I Fedraheimen publiserte Mortensson ei rad bibelavsnitt (utdrag av Kolossarbrevet, Jesaja, Job, Ordtøka og Forkynnaren), og i Fyrebilsbibelen (1921) omsette han Høgsongen, Amos og Joel. Eg greier ikkje la vere å nemne at eg sjølv har teke del i nyomsetjinga av den siste boka. Går alt bra, kan du kjøpe prøveutgåva av Joel og nokre andre bibelbøker som julebok frå Bibelselskapet i år.

Ivar Mortensson-Egnund i Nettbiblioteket, Ivar Aasen-tunet
"Ivar Mortensson-Egnund: Rabulist og romantikar," artikkel av Audun Skjervøy i Dag og Tid 07.01.1999
Edda-kvæde (frå Heimskringla.no)
Fyrebilsbibelen (frå Studentmållaget)
# lagt inn 3.8.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?