<$BlogRSDUrl$>

4.12.07

Biografihaust 

Biografisjangeren er breitt og godt dekka i eit par avis- og tidsskriftartiklar den siste veka.

I Dagsavisen 28.11.2007 intervjuar Turid Larsen sentrale forlagsfolk om "De nye dristige biografiene." "Biografiene har preget bokhøsten. De er åpnere, dristigere og mer underholdende enn for bare ti år siden, men 'Alnæs-saken' lurer i bakgrunnen," heiter det i ingressen. Min eigen Blix-biografi sluttar med om lag hundre sider noteapparat, kjeldeliste, bibliografi og annan dokumentasjon. Det har ingenting med Alnæs-saka å gjere, det er eit produkt av fem års frustrerande arbeid med å finne att kjeldene som biografar før meg har sett og brukt. Eg unner ingen det same strevet med å etterprøve påstandar.

Ein av dei siste dagane dumpa Prosa ned i postkassa. Her skriv ein av dei verkelege nestorane i bransjen, Hans Fredrik Dahl, under overskrifta "Biografiens triumf. Om sakprosaens kommersielle suksess-sjanger" (gjev det var så vel). Eg set særleg pris på følgjande passasje: "Flere anmeldere har spurt om det kan være nødvendig å skrive så langt. Svaret er ofte ja." Eg trøystar meg med at mine 550 sider blir overgått både av Ernst B. Dranges Løland-biografi (637 sider) og Olav Vesaas si bok om mor Halldis (702) - for no berre å halde meg til eige forlag og ikkje nemne Ibsen med eit ord.
# lagt inn 4.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?