<$BlogRSDUrl$>

20.12.07

4000 

Kirken.no: "– Arbeidet med ny salmebok i Den norske kirke har vist at salmen som sjanger lever i beste velgående her i landet, sier liturgikonsulent Åge Haavik i Kirkerådet. – Det er mye større interesse for salmer enn vi kunne ane!
I forrige uke ble registreringsnummer 4000 tatt i bruk på salmer som er blitt innsendt til salmebokutvalget i løpet av 2006 og 2007."
# lagt inn 20.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.12.07

Biografi 

Eg har tidlegare nemnt Hans Fredrik Dahls bokessay i Prosa om "Biografiens triumf." Først no har eg fått med meg at denne artikkelen blei følgt opp av eit fint intervju med forfattaren i Kulturnytt i NRK P 2 29.11.2007 (08.30-sendinga). Er du rask, kan du framleis høyre det i nettradioen (gammaldags på den måten at du må skru deg fram sjølv. Søk på "Kulturnytt"). Mot slutten av intervjuet kjem denne replikkvekslinga:

(Intervjuar:) ... ett veldig tabloid spørsmål på tampen: Hvis du tenker på alle biografier du har lest - og det er sikkert ganske mange - hva er den mest enestående?
(Dahl:) Den mest enestående? (Pause) Ja, får jeg si det som det er, så er det Lukasevangeliet.
# lagt inn 18.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.12.07

Blix i Tromsø II 

Eg har alt nemnt eit arrangement i Tromsø i veka etter lanseringa av biografien, seminaret i Grønnåsen kyrkje onsdag 27. februar. Men alt torsdagen før, 22. februar, kjem det eit Blix-innslag i Tromsø i samband med konferansen Arctic Discourses 2008. Eg skal ha eit lite "Paper" (som det heiter i den dialekten) med tittelen "An Orientalist in the Arctic: Elias Blix and the Arctic Discourses of His Time".

Eg har skrive om dette forskningsprogrammet tidlegare. Det skal bli interessant å sjå det på nært hald.
# lagt inn 13.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.12.07

Ramnungar 

Hugin og Munin - dei heidenske husramnane til den elles kristelege avisa Vårt Land - har med stor glede rapportert at ramneverset i "Himmelske Fader" er på veg inn i den nye salmeboka, som kjem i 2010. Men dei har måtta tole sterk kritikk for den sterkt forkorta versjonen sin: «Ramnungar ropar, og du gjev dei føde». Heldigvis, det er mange som veit betre.
# lagt inn 12.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.12.07

Fedrelandet 

Vårt Land:
SV vil fjerne sangen «Gud signe vårt dyre fedreland» som åpning på fylkestingsmøter i Sogn og Fjordane.
Men temperaturen i debatten er høg.

Oppdatering, 18.12.2007:
Eg har ikkje heilt greidd å følgje denne debatten, som frå ein synsstad på det sekulariserte Austlandet verkar nokså fjern; eg trur ikkje fylkestinget i Akershus hadde kome på noko tilsvarande. Du kan følgje med på bloggen til Jostedalsrypa.
# lagt inn 11.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.12.07

Dagens Blix 

Den største overraskinga i bøkene frå Damm var å finne i Litleré-utgåva (3. utgåve, Bergen 1887) av Nokre Salmar. Eg har aldri sett denne på den antikvariske marknaden før (så følgjer eg ikkje særleg godt med heller). No sit eg som eigar ikkje berre av Elias Blix' personlege eksemplar av denne utgåva, men jamvel med eit originalmanuskript av Elias Blix. Siste tekstside ser nemleg slik ut:



Dette er Elias Blix' nedskrift av sin eigen tone til "I Jesu Namn me stemna fram til Himmelhamn", i ei tidleg utgåve. Taktstrekar og halvnotar er enno ikkje på plass. Tonen kjenner eg frå før. Den kjem med i eit tillegg til biografien, saman med Blix' eigne tonar til salmen "Hjelp, ja kvar er Hjelp aa faa" og songen "Ute og heime".
# lagt inn 9.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Antikvariat 

Det finst interessante bøker også for dei som ikkje har femsifra beløp å avse i katalogen frå Damms antikvariat. Mange av dei kjem frå Blix-familien, somme har vært i Elias Blix' eie. Takka vere min gode fe Terje Aarset har eg vore tilstrekkeleg tidleg ute til å sikre meg katalognr. 177, 178 og 180. Mykje anna tidleg nynorsk litteratur her òg.
# lagt inn 9.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Grieg 

Damms Antikvariat, katalog 671: Varia - Julen 2007 s. 62:
Voksenkollen Sanatorium pr. Xania
28/11/1900.

Min hjærteligste Tak for Salmerne! Intet skulde glæde mig mere end om jeg kunde finde nogle Toner, der var dem værdig!
Højagtelsesfuldt
Deres
Edvard Grieg.

Hr. Dr. E. Blix.
Dette brevet var ukjent for meg. Det finst i eit autografalbum som no er til sals hos Damms antikvariat - om du har kr. 48.000 å investere i slikt. Ein av sønene til Elias Blix - sannsynlegvis Ivar, det er i alle fall der albumet har vore sist, men òg Einar eller Ragnvald kan vere aktuelle - var ivrig autografsamlar, og faren har hjelpt til med mange gilde signaturar. I mange av Blix-breva som ligg i Nasjonalbiblioteket og andre stader er signaturane klipt ut, og no veit eg kvar dei hamna.

Grieg har fått "Salmar og Songar" frå forfattaren og kvitterer på denne måten. Det blei ikkje noko samarbeid, Grieg sette aldri tone til nokon Blix-tekst. Derimot såg han gjennom ein del komposisjonar av Stavanger-komponisten Karl Svensen, mellom anna denne tonesettinga av "Modersmaalet".
# lagt inn 9.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.12.07

Biografihaust 

Biografisjangeren er breitt og godt dekka i eit par avis- og tidsskriftartiklar den siste veka.

I Dagsavisen 28.11.2007 intervjuar Turid Larsen sentrale forlagsfolk om "De nye dristige biografiene." "Biografiene har preget bokhøsten. De er åpnere, dristigere og mer underholdende enn for bare ti år siden, men 'Alnæs-saken' lurer i bakgrunnen," heiter det i ingressen. Min eigen Blix-biografi sluttar med om lag hundre sider noteapparat, kjeldeliste, bibliografi og annan dokumentasjon. Det har ingenting med Alnæs-saka å gjere, det er eit produkt av fem års frustrerande arbeid med å finne att kjeldene som biografar før meg har sett og brukt. Eg unner ingen det same strevet med å etterprøve påstandar.

Ein av dei siste dagane dumpa Prosa ned i postkassa. Her skriv ein av dei verkelege nestorane i bransjen, Hans Fredrik Dahl, under overskrifta "Biografiens triumf. Om sakprosaens kommersielle suksess-sjanger" (gjev det var så vel). Eg set særleg pris på følgjande passasje: "Flere anmeldere har spurt om det kan være nødvendig å skrive så langt. Svaret er ofte ja." Eg trøystar meg med at mine 550 sider blir overgått både av Ernst B. Dranges Løland-biografi (637 sider) og Olav Vesaas si bok om mor Halldis (702) - for no berre å halde meg til eige forlag og ikkje nemne Ibsen med eit ord.
# lagt inn 4.12.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?