<$BlogRSDUrl$>

27.2.08

Biografinytt 

For å begynne med meg sjølv (eg driv trass alt og marknadsfører ei bok): Guri Kulås har eit intervju med meg i Klassekampen i dag (papirutgåva). Smakebit:
- Noko av det som er mest spanande med Blix, er at han gjev eit privilegert utsynspunkt til det mylderet av prosessar som forma det moderne Noreg, seier Aschim til Klassekampen.
- Han tilhøyrer den fyrste generasjonen som får høve til den type stor sosial mobilitet. Eg nyttar det moderne uttrykket klassereise.
- Det einaste minuset frå ein biograf sin synsstad, er at den profilerte nasjonale målmannen og venstremannen Blix døydde eit par år for tidleg. Vi skulle gjerne hatt hans reaksjonar på 1905.
Dette intervjuet er eg riktig nøgd med. Dessverre var eg utan internett-oppkopling store delar av dagen i går, elles skulle eg ha berga journalisten frå den vesle feilen å gje A. Chr. Bang æra for det første landsmålstestamentet.

Så får eg sjå litt vidare omkring. Det dreg opp til ny biografidebatt i kjølvatnet av boka med ein av vårens mest velformulerte titlar, Stephen Waltons "Skaff deg eit liv!" - ei bok med tekstar om biografien. Boka til Aasen-biograf Walton er omtala i NRK i dag. Dessutan er biografiforskar Marianne Egeland intervjua i dagens utgåve av Klassekampen. I går møttest Walton og biografkollega m. m. m. Knut Olav Åmås til samtale på Blå i Oslo. Eg veit ikkje korleis det gjekk, eg er annan stad.

Eg har lese det meste av boka til Stephen Walton, med stor interesse. Biografien min går nok i mangt andre vegar enn dei han peikar ut, men eg trur Blix-boka skal klare seg rimeleg godt i møte med den typen biografi-kritikk Walton representerer.
# lagt inn 27.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?