26.2.08
Bodø
Hovudpost på programmet i dag: Entusiastisk dobbelttime med norskstudentane til Kjellrunn Trohaug på Høgskolen i Bodø. Veldig morosamt og engasjert auditorium, ikkje minst under nærlesing av salmetekst.
Etterpå: Audiens hos biskop Tor Jørgensen. Han og eg har ete middag i lag (fersk skrei med lever og rogn) på Restaurant Blix, eg måtte få med meg den før eg reiste frå Bodø.
Elles har Avisa Nordland avslutta dekninga av lanseringa med ein reportasje frå skoleprogrammet i går i ”Næravisa” si i dag, 26.02.2008. Dessutan blir arrangementet i Aasentunet søndag som kjem marknadsført både på deira eigne nettsider og i Vikebladet Vestposten. Det er likevel kronprinsesse Mette-Marit som skaffar Elias Blix dei største avisoppslaga i dag, inkludert framsida av VG. Sitat:
Sjå òg NRK Nordland: ”Finner trøst i salmer fra nord” - og følg gjerne peikaren ”Les mer om Elias Blix”.

Elias Blix` fedrelandssalme «Gud signe vårt dyre fedreland» gir Mette-Marit bilder av kong Olav som var, på mange måter, Norge. For henne ble han senere naturligvis både menneske og bestefar.Overskrifta til denne saka er "Mette-Marit refser det overfladiske". Høgdepunktet i nettavisas presentasjon er metakommentaren, meiningsmålinga "Hva mener du? Har Mette-Marit rett i at samfunnet er for overfladisk?" Svaralternativ 1: "Jeg synes det er akkurat passe overfladisk"; 2. "Ja"; 3. "Nei". Eg trur ikkje dei er ironiske eingong. Kva folket meiner? I skrivande stund meiner 71,66 prosent av dei 6726 som har røysta at ho har rett.
Men salmen har etterhvert også fått innvirkning på hennes egen rolle:
- (..) jeg knytter også Fedrelandssalmen til den kristne, historiske arven vår og til stoltheten over å være en del av den helheten Norge er. Jeg retter ryggen når jeg hører Fedrelandssalmen. Den inspirerer meg til å være villig til å stå for å kjempe for dette som er så mye større enn meg selv, og som jeg som ett enkelt menneske er en del av.
Sjå òg NRK Nordland: ”Finner trøst i salmer fra nord” - og følg gjerne peikaren ”Les mer om Elias Blix”.