25.2.08
Dekninga
av boklanseringa i lokale media er det ikkje noko å seie på. Såkalla riksdekkjande media når sjølvsagt ikkje så langt nord som hit.
PS: Haugenbok.no sel dessutan boka til redusert pris. Da får du råd til to og kan gje den eine til nokon du er glad i.
- Avisa Nordland har lagt mykje ressursar i Blix-lanseringa (det vil seie i papirutgåva, på nettet tyder "kultur" mest berre popmusikk). Avisa hadde ein førehandssak for to veker sidan. I dag får Blix-lanseringa nesten ei heilside, på deling med internasjonale kulturnyhende som "Peter Fonda hedres" og "Lopez er blitt mamma til to". "Elias Blix forlot Våg på Sandhornøy da han var 17 1/2 år gammel. Lørdag ble en praktbok om hans liv lansert på hjemplassen," lyder ingressen.
- Også NRK Nordland har følgt arrangementet med interesse. Bjørn Tore Pedersen fekk jamvel eit innslag på riksnettet i Kulturnytt for ein månad sidan, det har eg fått mykje respons på. Lanseringa dekka Malvin Eriksen, sjå nettsak med bilete både frå skolen og frå kransepålegginga. Dei første dagane kan du dessutan høyre eit lydinnslag på fem minutt frå lanseringa i programmet Nordland i dag (25.02.08 kl. 16.03). Innslaget finn du mot slutten av sendinga, etter 51 minutt og 30 sekund. Dette er ein god stemningsrapport, om du har fem minutt.
- Så må eg få takke for gode helsingar på bloggen, og for Krundalsbloggar Oddmund L. Hoel si helsing i høve Elias Blix sin 172-årsdag i går.
- Og da står det att ein viktig detalj: Tru om nokon vil kjøpe boka og lese den, midt i desse Mammutsal-tider? Det kan kanskje hjelpe at "Ein betre vår ein gong" for tida er mellom anbefalingane på www.haugenbok.no - saman med titlar som "Frognerfitter", "Det gylne kompasset" og sambygding Thomas Alsgaards (han er frå Flateby i Enebakk kommune) "Best på ski" -, kva veit eg.
PS: Haugenbok.no sel dessutan boka til redusert pris. Da får du råd til to og kan gje den eine til nokon du er glad i.