<$BlogRSDUrl$>

25.2.08

Lanseringa 


Hanna-Lisa Skau i Avisa Nordland har teke dette representative biletet frå lanseringsdagen. Bak boka ser ein forfattaren, bak forfattaren fjellet Sandhornet. Elias Blix er oppvaksen nett her, "der eit fjell stig mot sky" og alt det der.

Eg sit på eit hotellrom i Bodø og har frikveld(!) etter ei svært rikhaldig og vellukka lanseringshelg. Eg møtte Gunnvor, kona mi, og dei tre barna våre i Bodø fredag kveld. Vi kjørte til Kjøpstad i Gildeskål, der vi hadde base i helga på den garden der Gunnar Stålsett er oppvaksen.

Laurdag kl. 14.00 var meir enn 200 menneske samla i gymsalen på Sandhornøy skole, ein liten kilometer frå fødestaden til Elias Blix. Oldebarn Marit Blix representerte familien, Sverre Tusvik og Ragnfrid Trohaug representerte forlaget, biskop Tor Jørgensen og mi studievenninne domprost Elin Vangen representerte kyrkja. Og sanneleg hadde ikkje tante Anne Julie reist heile vegen frå Hamar for å vere med, det var ei overrasking.

Eg er rett og slett rørt over det lokale engasjementet. Arrangementet blei ikkje berre ei boklansering, det blei ein manifestasjon av eit nordnorsk lokalsamfunn der alle tar tak. Arrangementskomiteen har eg vist bilete av før. Eg trur ikkje Oscar Berg har hatt mykje nattesøvn denne helga, men så har den tekniske avviklinga gått knirkefritt.

Elevar og lærarar ved Sandhornøy skole stod for ein fin presentasjon av Elias Blix' liv, med Powerpoint-presentasjon og rollespel (om da "Barndomsminne" blei til). Ordførar Walter Pedersen helste frå kommunen. Han og fleire la vekt på kva Blix framleis har å seie for identiteten til dette lokalsamfunnet. Eg presenterte boka og sa nokre ord om Elias Blix' tilhøve til heimbygda si. Sverre Tusvik heldt ei uvanleg strukturert og seriøs helsing frå forlaget. Dessutan slapp han opp for bøker på eit tidleg tidspunkt, det lokale salet i Gildeskål er eg såleis temmeleg trygg på. Biskopens innlegg prova at han faktisk har lese boka i løpet av dei få dagane han har hatt til disposisjon, og at han faktisk meiner den er leseleg for andre òg.

Men for mange av dei lokale var det nok besøket til Marit Blix og helsinga hennar som var høgdepunktet. Marit hadde òg eit par verdifulle gåver frå familien, ein bibel Elias Blix hadde fått av sin gode ven Nils Astrup, misjonsbiskopen som var hos Blix i hans siste stund, og ei samling brev til Blix frå velgjeraren hans i Gildeskål, handelsmann Carl Olsen på Nord-Arnøy. Den økonomiske støtta frå Olsen var avgjerande for at Blix greidde å ta examen artium i 1860.

Sokneprest Kyrre Kolvik var ordstyrar, og to framifrå musikarar batt det heile saman: Songaren Kristian Krokslett (fantastisk register på den karen) og mangfaldige Magne Hanssen, her på piano.

Stor innsats på mange nivå frå Sandhornøy skolekorps. Dei tok ansvar for trakteringa i pausen, og dei spela til allsongane under kransepålegginga ved Blix-bysta. Vêret skiftar fort i denne landsdelen. Strålande solskin om formiddagen var avløyst av sludd og vind da fakkeltoget gjekk, så det var eit heller kjøleg prosjekt å spele "Gud signe vårt dyre fedreland" under seremonien ved støtta. Den står på heimgarden til Elias Blix, og her var det Oscar Berg som heldt appell.

Vi gjestene blei traktert med kortreist laks (Gildeskål har ei stor oppdrettsnæring) på Fjordbua like ved Sandhornøybrua, der vi feira i etterkant.

Sundag var det først festgudsteneste klokka 11 i Gildeskål gamle kyrkje, sjølv om det var midt i fastetida. Berre Blix-salmar og stor stas. Soknepresten forretta, eg assisterte og las evangelieteksten frå det nynorske nytestamentet av 1899. Denne omsetjinga har Elias Blix personleg revidert, og dette er den første utgjevinga av ein nynorsk bibeldel som Det Norske Bibelselskap har teke ansvar for. Biskopen preikte, om Blix og om Paulus, Magne Hanssen spelte på gammalorgelet og Kristian Krokslett song. Kyrkjekaffe etterpå, og ei omvisning i gammelkyrkja ved Oscar som gjestene seint vil gløyme.

Om kvelden kom Bodø Domkor og heldt kyrkjekonsert med reint Blix-program i Gildeskål nye kyrkje, under myndig leiing av 19(!) år gamle visedirigent Espen Myklebust Olsen. Akkompagnatør? Magne Hanssen, sjølvsagt. Eg fekk vere med og lese frå boka. Domkoret er mellom dei som har fornya Blix-tonane dei seinare åra, dels gjennom nykomponerte tonar, dels gjennom lite framførte komposisjonar av eldre komponistar (som Bodøs eigen Fridtjov Anderssen), dels gjennom arrangement av folketonar. Eg har følgt Blix-arbeidet deira over år, og det var flott å få samarbeide med dei.

Og i dag har eg halde 250 skoleelevar i ande (i to omgangar) i nykyrkja med ein presentasjon av Blix. Eg fekk god hjelp, elevane frå Sandhornøy var sportslege nok til å vise framsyninga si for medelevar frå andre stader i kommunen. På ein liten stad som dette må alle kyrkjelege tilsette kunne alt, så det var kyrkjeverje Oddbjørn Nikolaisen som spelte orgel til allsongane.

No er resten av familien reist heim, og eg sit her aleine, litt sliten, men mest takksam. Trur det går greitt med nattesøvnen i natt. Men det er ein eg unner å sove enda betre, og det er min gode fe Oscar Berg.
# lagt inn 25.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?