<$BlogRSDUrl$>

3.3.08

Sunnmøre 

Eg trivst godt på Sunnmøre. Mykje hyggelege folk, flott natur, av og til jamvel godvêr. I dag skin sola, her eg sit på Hovden og ventar på flyet til Oslo.

Eg har hatt ei storarta helg. Kom til Volda laurdag, blei teken i mot av bibelomsetjarkollega Jan Ove Ulstein og fru Inger, og fekk med meg ei flott oppføring av Magnar Åms opera "God's I's" i Voldskyrkja.

Sundag ettermiddag fekk eg presentere boka mi i Aasentunet. Fint å få høve til å treffe att - og takke - nokre av mine gode hjelparar. Direktør Ottar Grepstad har vore forlagets konsulent for boka. Terje Aarset og Per Halse ved Høgskulen i Volda har vore mellom mine viktigaste samtalepartnarar. Og sanneleg kom Blix-tippoldebarn Leiv-Erik Blix Bondevik heilt frå Ålesund. Han hadde teke med foreldra sine òg, mor hans, Elisabeth, er den som har formidla familietradisjonen frå Hans Peter Blix, eldste Blix-sonen. Hos Leiv-Erik finst ei av dei viktigaste samlingane av nye kjelder som eg har fått nytte. Og sjølvsagt song vi, under leiing av Ragnhild Engeset og Ole Karsten Sundlisæter.

Så fekk eg køyre verdas djupaste undersjøiske tunnel, Eiksundtunnelen, saman med Olga og Gunder Runde. Om kvelden var det flott Blix-arrangement i Ulstein kyrkje i regi av mållaget, Aasentunet og Samlaget. Allsong av Blix-salmar i firstemmig sats, ein er da på Sunnmøre.

No må eg heim og gjere jobben min. Det bølgjer litt bibelomsetjing i dagspressa, høyrer eg.
# lagt inn 3.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?