<$BlogRSDUrl$>

9.3.08

Dagbladet 

Eg er jo litt spent på kor mange av dei store avisene som bryr seg om å melde ei bok om Elias Blix, noko mange vil oppfatte som ei "smal" bok. Først ut er Dagbladet i dag.

Valet av Espen Søbye som kritikar er interessant. Finst det nokon som representerer 2008-utgåva av den "frons urbana" bondestudentane på 1800-talet strevde med å kome til rette med, må det vere han. Eg har tidlegare gleda meg over å ha lesarar som har lese den boka eg gjerne ville skrive. Espen Søbye er ikkje ein slik lesar, han les definitivt boka frå ein utanfrå-posisjon.

Søbye er ein god kritikar, særleg når han er slem. Her er han berre litt slem, og heller ikkje så veldig god. Det er tydeleg at både Elias Blix og boka er han relativt likegyldige: "Det er noe daft og satt ved Elias Blix slik han framstår i denne boka. Det virker som om han manglet både pasjoner og temperament." Ikkje ein fyr Søbye ville bruke ein kveld på byen saman med, med andre ord. Vel, eg har alt på side 12 åtvara lesaren om at Blix på mange måtar er ein kjedeleg fyr. Men eg er nok litt skuffa over at Søbye, som har lang fartstid i Statistisk sentralbyrå, slett ikkje kommenterer dei endringsprosessane i det norske samfunnet som gjorde fenomenet Elias Blix mogleg. Det er grenser for kor interessant han er som individ. Men det samspelet mellom han og omverda som gjorde han til den han blei, finn eg framleis interessant. Meldinga er temmeleg tonedøv når det gjeld område som målsak og religiøsitet, det er eg ikkje like overraska over.

Nøkkelpunktet i kritikken til Søbye er relevant og interessant (det vil ikkje seie at eg er samd): "forfatteren ... har gjort alle kilder like viktige ... Likestillingen av alle kilder gjør at det er vanskelig å få helt tak på Elias Blix."

To ting skal eg hjelpe Espen Søbye med. For det første: Eg HAR gjeve ei forklåring på "at Elias Blix tar teologisk embetseksamen uten å bli prest." Grunnen til at Elias Blix ikkje blei prest, var at han nett på det tidspunktet da eit slikt val var aktuelt, fekk sjansen til ein akademisk karriere og greip den. Vanskelegare er det ikkje.

For det andre: Søbye greier ikkje å tolke tittelen "Ein betre vår ein gong". Da skal eg kviskre han i øyret at den er henta frå ein av Elias Blix sine mest kjende salmar, "No livnar det i lundar", at eg gjev ei utførleg tolking av denne salmen på s. 223-227 og at denne tolkinga leverer nøklane til tittelen.

Søbye seier mykje pent òg, så eg bør seie noko pent attende: Han er den første som har kommentert illustrasjonane og teke dei på alvor. Det blei eg glad for.

God søndag!
# lagt inn 9.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?