28.3.08
Morgenbladet
Dersom Ivar Aasen var nynorskens far, kven var så eldste son i huset, - tronfølgjaren, om ein brukar kongeleg metaforikk? Eg vil tru at dei fleste vil velja Vinje eller Garborg - begge diktarar og journalistar, som tok det nye språket offensivt i bruk. Men etter å ha lese Anders Aschims grundige Blix-biografi, slår det meg at Elias Blix også er ein sterk kandidat.Nynorskens kronprins er overskrifta over bokmeldinga av Ein betre vår ein gong. Elias Blix i Morgenbladet i dag (abonnement). Meldinga er signert Jan Inge Sørbø.
Denne responsen er eg svært glad for. Den er velskriven, forfatta av ein intellektuell eg set høgt, og sympatisk. Sørbø ser andre moglege måtar å løyse oppgva på, men kjem fram til at
eg likar Aschims val betre. Dette er ein objektiv biografi, eit stykke historieforsking, det er ikkje ein kamuflert sjølvbiografi. Eg pustar letta ut.