<$BlogRSDUrl$>

1.3.08

Sunnmørstur 

Flyplass no att, eg sit på Gardermoen og har ein times tid til flyet går til Hovden. Eg er ikkje vand med så mykje flyging, av hundre gode grunnar (grunn nr. 1: Oppvekst i togbyen Hamar) er eg svoren tog-entusiast. Men til Hovdebygda går det ikkje tog.

To Blix-arrangement i morgon, søndag. Først i Aasentunet kl. 15.00, seinare i Ulstein kyrkje kl. 19.30. Eg kan love deg mykje song begge stader, det finst ikkje den stad i dette land der korsongarprosenten er så høg som på Sunnmøre. For lesarar som ikkje har tilgang til papirutgåva av Sunnmørsposten, siterer eg omtalen førre dagen, 28.02.2008:
Søndag 2. mars kjem Anders Aschim til Ivar Aasen-tunet med ein salme av Elias Blix som aldri tidlegare har vore publisert. Sist helg lanserte Aschim ein grundig biografi om Blix, og i arbeidet med boka har han med jamne mellomrom lagt ut oppdateringar på sin eigen vevlogg, Blixblog.

Søndag vil Aschim fortelje om Blix, og mest sannsynleg vil den upubliserte salmen bli sunge offentleg for første gong. Det er ingen som har fleire tekster i Norsk Salmebok enn Elias Blix. Dermed blir allsong ein naturleg del av programmet i Ivar
Aasen-tunet.

Ragnhild Engeset er forsongar for fleire kjende og kjære Blixsalmar.
Kantor Ole Karsten Sundlisæter spelar til. Den upubliserte salmen «I dag me paa
Apostelvis», som er ei gjendikting av ein Grundtvig-salme, vert ein av allsongane.

Det vert også høve til å møte Blix-biografen Anders Aschim i Ulstein kyrkje søndag kveld, i eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Ulstein mållag.
Vel møtt!
# lagt inn 1.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?