<$BlogRSDUrl$>

16.5.08

St. Olav 

Første tidsskriftmeldinga, så vidt eg veit, av Ein betre vår ein gong står i siste nr. av det katolske kulturtidsskriftet St. Olav (nr. 4-5 for i år), som nett er kome ut. Tove Bull har alt meldt boka i Nordlys, men i St. Olav har ho fått heile fire sider til disposisjon. Det er eg svært glad for, for dette er ei uvanleg kompetent og grundig lesing av boka. Meldinga byggjer på seminarinnlegget hennar ved Tromsø-lanseringa i februar. At Tove Bull liker det ho les, er sjølvsagt eit ekstra pluss. Eg tillet meg å sitere ein passasje om aspekt ved boka som andre meldarar ikkje har skrive så mykje om:
Språk og form
Desse to ulike opptaktene til biografien viser oss ein uhyre formmedveten biograf. Eitt er at han skriv uvanleg godt, noko anna at han komponerer minst like godt. Det er ein sakprosatekst Aschim har forfatta, og hadde det ikkje vore for at det ville vore ei stygg undervurdering av sakprosa eller normalprosa å seie at denne teksten er blitt så god som han er blitt ved at forfattaren også nyttar skjønnlitterære verkemiddel, ja, da hadde eg sagt det slik. La meg heller formulere det litt annleis: Boka er uvanleg velskriven; ho avslører høgt stilmedvett og disiplinert og gjennomarbeidd bruk av ymse retoriske verkemiddel.
# lagt inn 16.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?