<$BlogRSDUrl$>

1.6.08

Lillehammer 

G arbeidde i går (ho er kyrkjelydsprest og driv og konfirmerer norsk ungdom om dagen), så eg fylte bilen med to tenåringar, plukka opp far min og ein innlånt tenåring til (nevø) på Hamar og reiste til Lillehammer for å oppleve ein dag på litteraturfestivalen. Det blei ein riktig triveleg tur. Fint vêr og litt for kvar smak, frå møte med serieteiknarhelten Mads Eriksen via Åberg-dødaren Johan Harstad og ungdomsbokforfattaren Ingelin Røssland til Ruth Maier-gjenopplivaren Jan Erik Vold, det heile under kontinuerleg overvaking av Darth Vader og hans Stormtroopers.

Mitt faglege alibi for å reise til Lillehammer var debatten om "Fremtidens biografier", med forleggjarbiograf Anders Heger som programeleiar og eit stjernepanel sett saman av Birgitte Possing (som har gjeve den historiske biografien eit nytt liv i dansk akademia), Stephen Walton (britiskfødd nynorskprofessor og kritisk biografiteoretikar) og Frank Rossavik (han som vann konkurransen om beste Einar Førde-biografi i fjor og fekk Brageprisen for det). Samtalen var absolutt verd å få med seg, ikkje minst var Rossavik eit friskt pust. Sjølv om han kanskje ikkje var heilt komfortabel i møtet med så mykje akademisk tyngd, hadde han gode spørsmål og svar. Til dømes ville han ikkje akseptere skruplane til resten av panelet når det gjeld kronologien som strukturerande prinsipp (eg forstår kva dei meiner, men eg synest dei overdriv). Dei to andre i panelet har eg høyrt før, eg veit omtrent kva dei står for, men dei er begge på kvar sin måte skarpskodde og velformulerte.

Og om du lurer på kva slags biografi vi får i framtida, er svaret: Litt av kvart.
# lagt inn 1.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?