17.7.08
Bergens Tidende
Hyggeleg med teikn på at nokon les det ein har skrive i sommarvarmen(?). Slik som redaktør Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende. Sist tysdag vigde han ei heil side, den faste kommentarplassen sin, til "Elias Blix' verksame ord". Kommentaren er velskriven og poengtert, det skal ikkje eg ta æra for, sjølv om eg har levert (og er kreditert for) ein god del av poenga.