<$BlogRSDUrl$>

24.7.08

Codex Sinaiticus 

I dag opna vevstaden Codex Sinaiticus. Dette er ei viktig hending i den bibelske verda. Codex Sinaiticus er eit av verdas eldste fullstendig bevarte bibelmanuskript, produsert på 300-talet e. Kr. og lenge med bustad i det berømte Katarina-klosteret på Sinai-fjellet. Handskriftet inneheld den greske omsetjinga av Det gamle testamentet (Septuaginta) og heile Det nye testamentet på grunnspråket. For NT er dette eitt av dei to viktigaste tekstvitna (det andre er eit liknande manuskript i Vatikanbiblioteket). Vevstaden blir det einaste høvet du får til å sjå heile manuskriptet, for sidene er no spreidde på fleire ulike europeiske institusjonar.

Enno er berre delar av handskriftet lagt ut, digitaliseringa vil ta eit års tid til. Eg har så vidt vore inne og sett, og så langt er eg imponert over kvaliteten på den digitale presentasjonen.

I The Times (tips frå Jim Davila på Paleojudaica.com) kan du lese at "The story of the Codex Sinaiticus Bible, the oldest complete copy of the New Testament in existence, reads like a script from an Indiana Jones film." Det er heilt sant.

Kva dette har på BlixBlog å gjere? Du kan så seie. La meg prøve med to halvgode argument:

1. Mannen som har helte- eller skurkerolla i første episode av dette Indiana Jones-scriptet, Constantin von Tischendorf, var professor i Det nye testamentet ved det teologiske fakultetet i Leipzig medan Blix var der og studerte i 1871-72. Dette argumentet er litt under halvgodt, for Blix hadde ikkje kontakt med han.

2. Litt betre: Elias Blix var som kjent sentral i den nynorske omsetjinga av Det nye testamentet som kom ut på 1880-talet. På det tidspunktet var teksten i Codex Sinaiticus tilgjengeleg for forskarar og omsetjarar. Men Blix og kollegaene nytta ikkje denne teksten, særleg kollega Belsheim var tradisjonalist. Landsmåls-NT bygde på det som den gongen var gresk standardtekst, ein mellomaldertekst basert på langt yngre manuskript enn Sinaiticus. Denne avgjerda var nok dels prinsipiell (i alle fall, trur eg, frå Belsheim si side), men samtidig er det eit pragmatisk-politisk poeng her som det er viktig å få fram: Det var eit radikalt prosjekt i det heile å gje att bibelske tekstar på nynorsk, og det er tydeleg at omsetjarane sette mykje inn på å få landsmåls-NT til å framstå som ein trygg og tradisjonell bibeltekst. Ein kan peike på det nokså arkaiske språket, den høgtidelege syntaksen, den gotiske skrifta og, altså, på det tradisjonelle valet av grunntekst. Derimot hadde amatøren Georg Grieg, som omsette Markusevangeliet alt i 1870, nytta nyare tekstkritiske resultat, mellom anna variantar frå Codex Sinaiticus som han kjente frå populære publikasjonar av Tischendorf. Jarle Bondevik gjer greie for dette i Og ordet vart nynorsk.
# lagt inn 24.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?