<$BlogRSDUrl$>

17.7.08

Gudbrandsdølen 

Ja, eigentleg heiter avisa Gudbrandsdølen Dagningen (GD), etter samanslåinga av Dagningen og Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer (GLT) for nokre år sidan og samanslåinga av Gudbrandsølen og Lillehammer Tilskuer for enda fleire år sidan. Så no finst det berre ei avis på Lillehammer, den er til gjengjeld heilt tverrpolitisk (for upolitisk er den vel ikkje).

Det var ikkje det eg skulle fortelje. Eg skulle fortelje at i den lokalhistoriske serien "Det var engang" laurdag som var (12. juli) fortel Asbjørn Ringen - det er ingen kven som helst, han er vel pensjonist no, men han har vore sjef for heile avishuset - om at "Blix skreiv fedrelandssalmen på Lillehammeravis", med faksimile av "Framgang" for 20. februar 1889 og det heile. Eg har fått uttale meg, eg òg, i det som i fem år av famliens liv har vore vår lokalavis, vi var prestefolk i Nord-Fron og Ringebu først på 1990-talet.
# lagt inn 17.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?