<$BlogRSDUrl$>

29.7.08

Salmedebatt 

NRK Hordaland melder i dag: "Salmebokutvalget har nå sendt de nye salmene ut på høring og til utprøving i utvalgte menigheter. Planen er at "Norsk Salmebok" og supplementet "Salmer 1997" i 2010 skal bli erstattet av en ny salmebok bestående av to bind.
Blant salmene som er foreslått fjernet, er flere nynorske salmer av Elias Blix.
Men flere reagerer sterkt på planene."

Hymnologen Nils Aksel Danbolt Mjøs reagerer sterkast, han blir sekundert av Stig Wernø Holter, som er leiar i Norsk Hymnologisk Forening, men motsagt av Åge Haavik, sekretæren i salmebokkomiteen. Og debatten er i gang.

Eg har ikkje studert utkastet. Noko svinn må ein nok rekne med, også når det gjeld Blix. Som Mjøs har eg òg somme gamle salmar eg gjerne ville ha inn att, ikkje minst gjeld det påskesalmane "I Edens sæle sumar" og "Statt upp or svevne". Men køen av påskesalmar er spesielt lang, så det er nok små utsikter til bønhøyring.
# lagt inn 29.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?