<$BlogRSDUrl$>

10.7.08

Sommarlektyre 

Frå preste- og speidarkollega Arne Berge har eg fått ei utfordring som rett nok liknar svært mykje på eit kjedebrev, ei form eg tek prinsipiell avstand frå, men ei rad formildande omstende gjer at eg tek utfordringa og blir med på leiken. Arne er forresten utfordra av den danske bibelforskaren Søren Holst i København, han skriv ein blogg som både Arne og eg les med stor interesse.

Her følgjer reglane for leiken, no i mi norske omsetjing og tilpassing. Du gjer følgjande:
1. Rettar ut handa etter nærmaste bok
2. Slår opp på side 123
3. Finn femte setninga på sida
4. Legg denne setninga og dei to neste ut på bloggen (saman med instruksjonane)
5. Kommenterer sitatet
6. Sender leiken vidare til tre [opphavleg var dette fem, men både Søren, Arne og eg har tillate oss å gjere regelen litt mindre ambisiøs] andre personar og krediterer den som sendte leiken til deg.
Eg sit ved skrivebordet mitt, det flyt som vanleg av bøker, så det kjem an på kva for ei hand eg rettar ut. Eg tek venstre.

Den finn boka Att skriva människan. Essäer om biografin som livshistoria och vetenskaplig genre (Stockholm: Carlssons, 1997). Som du forstår, eg driv og tenkjer gjennom kva eg eigentleg har nytta dei siste fem åra til. Boka er slett ikkje så tørr som tittelen kunne tyde på, den eine av redaktørane, Ronny Ambjörnsson, er t. d. ein framifrå essayist (les gjerne Fornavnet mitt er Ronny, ein rapport om hans eiga klassereise).

På side 123 begynner ein artikkel eg eigentleg hadde tenkt å hoppe over. Pedagogen Inga Elgqvist-Saltzman skriv om "Rostadlärarinnors livshistorier".

Setningane 5-7 lyder slik:
Hur har lärarinnors livsmönster förändrats? Hur har olika generationer lärarinnor kombinerat läraridentiteten med att vara kvinna och medborgare i sin tids samhälle? Sådana frågor har varit centrala i ett tvärvetenskapligt forskningsprosjekt som haft Rostadseminariet i Kalmar och där utbildade lärarinnor i fokus för analyser av en av de äldsta kvinnliga professionerna - lärarinnans."
Hm. Kanskje eg blir nøydd til å lese artikkelen likevel. Av grunnar eg ikkje har lyst til å røpe enno, tenkjer eg ein del tankar om undersjangeren kollektivbiografi for tida. Lærarar av begge kjønn er elles ei svært interessant sosialgruppe for den som vil studere korleis det moderne norske samfunnet har blitt til og utvikla seg. Eg har gjort mykje ut av dette i Ein betre vår ein gong, og det finst ein heil del forsking også frå Noreg. For menn frå lågare klasser har læraryrket vore ein veg til sosial opptur, for kvinner (gjerne av høgare klasser) har det vore ein veg til sjølvstendig deltaking i yrkes- og samfunnslivet. Spesielt i "venstrestatens" epoke, lat oss seie tida 1870-1930, har lærarane vore viktige politiske og kulturelle entreprenørar i norske lokalsamfunn. Å ja, både før og etter den tid òg, når eg tenkjer meg om.

Da skulle punkt 1-5 og halve punkt 6 vere fullført. Sommarhelsing og utfordring går til
# lagt inn 10.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?