<$BlogRSDUrl$>

15.8.08

Skademelding 

I går la Samlaget fram haustlista, noko som blei høgtida med pressekonferanse i Det Norske Teatret og fest i forlaget. Mykje godt i vente, eg ser særleg fram til ny roman av bibelomsetjarkollega Jørgen Norheim og "Dr. Munks popleksikon" ved Ragnar Hovland.

Størst inntrykk gjorde det likevel å bli møtt av ein heiderskrona litteraturforskar med orda: "Du har nesten teke livet av meg". Historia, illustrert med mobiltelefonbilete, gjekk om lag slik: Vedkommande, som nett hadde fått Blix-biografien min, gjekk av eit offentleg transportmiddel med boka under armen, ramla og kunne, fordi armen altså var oppteken med andre oppgåver, ikkje ta seg for i fallet. Fotografia av skadane i ansiktet gjorde djupt inntrykk, særleg var nasen ille medfaren. Heldigvis såg ikkje vedkommande ut til å ha fått varig mein av uhellet.

Dette er den andre meldinga eg har fått om skadar som har direkte samanheng med boka (den første finst her). Eg er så betenkt over dette at eg vurderer å be forlaget om å utstyre boka med ei åtvaring om helserisikoen knytta til å eige og bruke den. Verken forlaget eller eg har økonomi til å bere større erstatningskrav.
# lagt inn 15.8.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?