<$BlogRSDUrl$>

14.10.08

Blix på Fjellhaug 

I morgon skal eg møte lærarane på Fjellhaug skoler for ein samtale om Elias Blix. Vonleg kan eg få vite meir om eit spor eg ikkje greidde å følgje til endes da eg skreiv biografien. Det gjeld sjølve fedrelandssalmen:
I miljøet kring Misjonssambandets skoler på Fjellhaug i Oslo finst det ein tradisjon om "at Blix gjorde ferdig denne salmen da han var på besøk hos sin venn, fargehandler Muus, på Fjellhaug (Sinsen, Oslo)." Om årstalet er 1889 eller 1890, er det ikkje nemnt noko om.
Det er Aage Myksvoll som har vore min kontaktperson på Fjellhaug. Aage og eg studerte musikkvitskap saman på Universitetet i Oslo tidleg på 1980-talet, i betongalderen, da faget var lokalisert på Chateau Neuf. Den gongen spelte vi fiolin begge to. Seinare har det gått nedover med meg, no er eg amatørbratsjist og utsett for bratsjvitsar, ein utbreidd humorsjanger i musikarmiljø.
# lagt inn 14.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?