<$BlogRSDUrl$>

31.12.08

Kåringar 


Det er tid for årsoppgjer, lister og kåringar av alle slag. Eg har eit heller halvhjarta forhold til slikt, men kåringa av "Årets nynorskbok 2008" i Dag og Tid (av ein eller annan grunn kom nr. 1 for neste år, datert 2. januar, i postkassa i dag. Går bladportoen opp frå årsskiftet?) kan eg ikkje la passere utan omtale. Det er vel passande å halde dei meir syrlege tankane mine om slikt for meg sjølv, og heller dele dei hyggelege.

For det første er det jo hyggeleg at nokon framleis hugsar ei bok som kom ut for ti månader sidan. Det er alt anna enn sjølvsagt i vår mediale (eg vurderte å nytte ein Fløgstad-pastisj og skrive "mediat[h]ullete", men eg har lova å vere hyggeleg) tid der korttidsminnet blir stadig kortare (uff, nei, no gløymde eg meg att).

For det andre er det hyggeleg å vere i godt selskap. Mellom dei nominerte er folk eg set stor pris på og har stor respekt for, som bibelomsetjarkollegaene Paal-Helge Haugen og Jørgen Norheim (men eg saknar Inger Bråtveit) og biografkollega Stephen Walton.

For det tredje gjev oppslaget høve til eit hyggeleg gjensyn med Bjørn Kvalsvik Nicolaysen si entusiastiske melding av Ein betre vår ein gong.

For det fjerde er jo dette ein framifrå annonseplass for boka, jamvel gratis for forlaget (trur eg, eg har ingen mistanke om at Dag og Tid-redaksjonen er korrupt).

Men eg greier no ikkje å ta slike konkurransar heilt alvorleg likevel. Var det ingen gode barne- og ungdomsbøker i år, forresten?

Mine personlege favorittar trur eg må vere Marit Eikemo si essaysamling Samtidsruinar og Gunnhild Øyehaugs roman Vente, blinke. Nei, det spørst om ikkje Paal-Helge Haugens Kvartett går utanpå det meste i år.
# lagt inn 31.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?