6.12.08
Årbok for Beiarn
Det er tid for lokalhistoriske årbøker om dagen (det er snart jul, må vite). Årbok for Beiarn er nyleg utkomen. Det er minst ein artikkel eg ser fram til etter omtalen i Avisa Nordland 19. november:
Øystein Ringaker er en annen trofast bidragsyter til årboka. Hans utredning om Elias Blix-slekta er en interessant artikkel som omhandler både en beskrivelse av Elias Blix og hans slektsband ikke minst til Beiarn.Oppdatering for eventuelle nye lesarar (gamle lesarar kjenner Ringaker frå før): Øystein Ringaker er min viktigaste informant når det gjeld Beiarn generelt og farsslekta til Elias Blix spesielt. Det var ei stor glede å sjå han att under boklanseringa i februar, han hadde teke turen heilt ut til Sandhornøya.