<$BlogRSDUrl$>

2.12.08

Salmehøyring 

Norsk Tidend nr. 5 er ute:
Høyring til ny salmebok: I førre nummer av Norsk Tidend melde vi at Kyrkjerådet har sendt nytt framlegg til salmebok ut på høyring. Fristen for høyringa er sett til 1. februar 2009. Noregs Mållag slo fast allereie på landsmøtet i april at organisasjonen ikkje er nøgd med nynorskdelen slik som han no er i framlegget. Med bakgrunn i dette vedtaket har Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, markert standpunktet i media. Noregs Mållag har bede om å få vere eigen høyringsinstans. Styret har vedteke å be om hjelp frå ei eiga salmebokgruppe, som skal utarbeide eit høyringsinnspel som til sist skal vedtakast i styret. Dei som har sagt ja til å sitje i denne gruppa er: Ola Breivega, Berge Furre, Arve Brunvoll og Håvard Øvregård.
Dette kjem seg. Men har dei ikkje kvinner i Noregs Mållag? Salmegruppa har litt betre tid på seg enn som så, Kyrkjerådet har heldigvis utvida høyringsperioden.
# lagt inn 2.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?