<$BlogRSDUrl$>

30.1.09

Min salme IV 

Sist veke sende eg Vårt Lands salmestafett vidare til Odveig Klyve. Fint intervju med henne i papiravisa i dag, rett nok på bokmål - det er litt leitt når intervjuobjektet er frå Hardanger og skriv lyrikk på nynorsk (dessutan held ho nett no på med den nye omsetjinga av Esters bok).

Odveig vel seg Anders Frostensson-salmen "Vinden ser vi inte", norsk versjon i salmeboka på nr. 228. "Denne salmen gir meg plass og rom for mine spørsmål", seier ho mellom anna. Det er mykje eg kunne ha lyst til å sitere frå dette intervjuet, ikkje minst fall eg for dette avsnittet:
– Synger du ofte salmer?
– Ja, og gjerne sammen med venner, også i uhøytidelige sammenhenger. Det er ekstra kjekt å synge dem når en for eksempel er samlet til fest. Du merker at folk, nesten uansett hvilket forhold de har til tro, har et forhold til gamle salmer. For eksempel har jeg vært med og sunget salmer utover natten på årsmøte i Den norske forfatterforening.
Frå anna hald veit eg at salmesong ikkje er noko uvanleg innslag på fest i Det Norske Samlaget heller.

Følg med neste veke. Odveig utfordrar nemleg Ragnar Hovland til å ta over salmestafetten. Han er jo ikkje akkurat kjend som salmediktar, skal vi seie det slik, men med ein prestefar og ein bispebestefar skulle han ha eit godt utgangspunkt som tradisjonsberar.

I kveld skal bror min og eg i Konserthuset i Oslo for å høyre Mendelssohns oratorium "Elias". Det har eg ikkje høyrt på mange år, ikkje sidan eg sjølv var med å spele det (bratsj) i domkyrkja i Riga ein gong på 90-talet, saman med Kongsberg Kantori og Oslo Symfoniorkester.

De får ha god helg. Og syngje salmar.
# lagt inn 30.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?