31.1.09
Salmebokytring II
I dag har Lofotposten (papirutgåva) eit stort oppslag, ei heil dobbeltside, om det nye salmebokforslaget. Mellom dei som blir intervjua er min gamle studiekamerat prost Ann Helen Fjellstad Justnes. Heile oppslaget har ein positiv tendens, det er forventningar til ny salmebok i Lofoten. Kari Bremnes blir intervjua i høve sin eigen tekst og tone. Sitatet får bli kantor Brita Falch Leutert, også ho grunnleggjande positiv:
– Er det noe du savner?Ein ting er dei samde om der nord: Dei vil ha inn Trygve Hoff med "Nordnorsk julesalme". Nordlys hadde eit oppslag om det same ved juletider.
– Generelt savner jeg Nord-Norge. Landsdelen har satt for lite preg på de foreslåtte salmene, og noen av de vakre salmene til Elias Blix foreslås kuttet ut. Petter Dass er med i originaltekst. Ellers er det få med bakgrunn i landsdelen. Trond Hellemo fra Senja med melodi av Ivar Jarle Elliassen, Helge Stangnes og Kari Bremnes med tekst og melodi og Ola Bremnes med melodi, er stort sett de som er med fra nord.
– Yndlingssalmen?
– Elias Blix «Fred, det er eit fagert ord» sunget til folketone fra Lofoten