<$BlogRSDUrl$>

28.2.09

Hamsun 

Eg har halde meg langt unna Hamsun-jubileet, bortsett frå at eg passerte ei oppvarming til gateteater i Universitetsgata i Oslo for ei god veke sidan. No får jubileet dekning jamvel i New York Times:
“We can’t help loving him, though we have hated him all these years,” said Ingar Sletten Kolloen, author of “Dreamer & Dissenter,” a Hamsun biography. “That’s our Hamsun trauma. He’s a ghost that won’t stay in the grave.”
Eg må berre vedgå at eg har problem med å ta del i festrusen. For meg er det vanskeleg å skilje litteratur og liv på den måten dei ivrigaste jublarane gjerne vil ha oss til. Eg har reflektert litt over dette, eg har nemleg ikkje same problem når det gjeld mitt bysbarn Rolf Jacobsen, enda problematikken er noko av den same. Eg er fint i stand til å lese Jacobsen utan nazistiske lik i lasta (eller zombiar, for den saks skuld, det er jo så populært om dagen). Men hos Hamsun ser eg spøkjelse ved høglys dag, eg finn det vanskeleg å lese han utan ideologske briller. Og skal eg eigentleg det?

Vel, eg har faktisk gjeve mitt eige vesle bidrag til Hamsun-forskinga: På s. 388-390 i Ein betre vår ein gong finn du dokumentasjonen av Elias Blix' innsats for å hjelpe unge Hamsun til statleg reisestipend i 1897, dels som medlem av den sakkunnige komiteen, dels gjennom eit direkte initiativ andsynes kyrkjestatsråd Jakob Sverdrup. Det hjelpte ikkje. Hamsun skreiv for umoralsk.
# lagt inn 28.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?