18.3.09
Toppkandidaten
Per Ståle Lønning byrjar valkampen 17. mai i Kvinnherad og Bømlo, melder Sunnhordland. Saman med Steinar Bastesen (ex Kystpartiet) frontar han partiet "Tverrpolitiske folkevalgte":
Førstekandidaten i Hordaland held tale på sjølvaste nasjonaldagen både på Fjelberg og Meling.Vel, så vidt eg veit finn ytringsfridom stad i dette landet, så sitatretten skulle det ikkje vere nokon fare med. Det står att å sjå kva dette prosjektet kan bli til, "folkevalgte" ser for meg ut som eit friskt forsøk på profetisk tale.
- Det blir ikkje ein tale for hedningar, seier Lønning.
- Kan du utdjupa?
- For å seia det slik: Me må ikkje ha kome så langt her i landet at det ikkje går an å sitera første verset til Elias Blix: 'Gud signe vårt dyre Fedreland'. For meg er det ein føresetnad når eg stiller til val at det ligg kristne grunnhaldningar i botn.