2.4.09
Språkleg samling
Dagens lesarspørsmål: Fleip eller fakta?
Det var første april i går. Eg ser ikkje bort frå at denne meldinga kan ha noko med det å gjere, men det er altså i dag den går land og strand rundt. Eg siterer etter Nationen:
Det var første april i går. Eg ser ikkje bort frå at denne meldinga kan ha noko med det å gjere, men det er altså i dag den går land og strand rundt. Eg siterer etter Nationen:
Norsklærar startar parti mot nynorskPartinamnet er ikkje oppgjeve, men eg reknar med at det må vere "Samnorskpartiet".
Bort med tvungen skriftleg nynorsk. Det er kampsaka til eit nystifta politisk parti i Akershus.
Partistiftaren er ein pensjonert norsklærar frå Sunnmøre
Før fristen gjekk ut tysdag ettermiddag, leverte 69 år gamle Einar Smørdal inn 500 underskrifter og ei liste med 19 kandidatar til stortingsvalet til hausten.
Partiet går først og fremst til kamp mot den obligatoriske sidemålsundervisninga i grunnskulen og i vidaregåande skular. Men dei vil også jobba for at Noreg skal ha eitt skriftleg språk i forvaltinga.