<$BlogRSDUrl$>

30.5.09

Agnes Ravatn 

Apropos Dag og Tid: Sjå opp for Agnes Ravatn! Bokaktuell med "Stillstand", opphavleg ein serie høgst særprega - tja, kva skal vi seie - gonzo-reportasjar i nett Dag og Tid der ho oppsøkte stader og situasjonar "der ingenting skjer", frå Nasjonalgalleriet i Oslo til Rorbua i Tromsø til retreat på eit kloster.

No er ho i full gang med neste prosjekt, "Snarvegar", der ho "forbetrar livet sitt på lettvinte måtar." Denne veka legg ho ein plastisk kirurg under kniven. Det er ikkje mykje att av han etterpå. Heia Agnes!
# lagt inn 30.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?