<$BlogRSDUrl$>

2.5.09

Biografinytt 

Vel, ikkje heilt nytt: Alt 28.04.2009 meldte Gudbrandsdølen Dagningen at det er Truls Gjefsen som skal skrive biografien om Arne Næss for Cappelen forlag.

Dette er eit svært godt val. Truls Gjefsen har tidlegare skrive om Finn Alnæs, Hans Børli og Peter Chr. Asbjørnsen. Gjefsen arbeider som lektor på Otta. Eg møtte han så vidt i presteåra mine i Gudbrandsdalen. Det var eit svært sympatisk møte, sjølv om dette vel var ved eit høve der eg representerte kyrkja og han Human-etisk forbund.

Eg held Gjefsen for å vere ein av landets finaste biografar. Om du ikkje har høyrt om mannen før, kan det vere fordi han er ugunstig plassert i forhold til det perifere Oslo, eller fordi han ikkje har skrive om Wergeland, Ibsen eller Hamsun. Kjendis blei han først i fjor, og da var det på grunn av ein dramatisk episode i hans eigen biografi.
# lagt inn 2.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?