<$BlogRSDUrl$>

6.5.09

I kveld 

held eg føredraget "Elias Blix som bibelomsetjar" i Norsk forum for bibeloversettelse. Arenaen er min eigen heimebane, Bibelselskapets kontor i Bernhard Getz' gate 3 i Oslo. Eg veit det kjem eit par svært kompetente samtalepartnarar, så eg ser fram til ein interessant diskusjon.

Bibelselskapet finn du altså i same hus som Kirkens Nødhjelp, mellom Thon Hotel Munch og Tempelet, eller bak Tinghuset, eller midtvegs mellom Pilestredet og Akersgata, om det hjelper deg. 3. etasje. Vel møtt, det er eit ope møte.
# lagt inn 6.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?