<$BlogRSDUrl$>

18.5.09

Lydboka er her! 

I dag må eg få opphøgje ein kjær prestekollega, Magne Bjørndal, frå ein noko meir bortgøymd kommentarplass og gje han skikkeleg spalteplass. Han skriv mellom anna:
Eg har lese boka di!
Ho kom frå NLB i slutten av april ...

Heile tekstdelen, inkl bilettekstar er lese inn, men ikkje notar, register osb. Kva eg dermed har gått glipp av veit eg jo ikkje, men eg har ikkje tenkt å gjera forskarkarriere, så det er sikkert ikkje så mykje. Prinsippielt kan det likevel absolutt diskuterast om vi som synshemma bør utestegjast frå tilgjenget til dei par hundre siste sidene av ei slik bok.
Men boka var ei stor leseoppleving, og eg er imponert over den innsatsen du la ned.
Hjartans takk. NLB er, for uinnvigde, "Norsk Lyd- og blindeskriftbibliotek". Auga til Magne ser ikkje. Elles er han på mange måtar ein klarsynt mann, og så er han altså ein landsens prest som meg sjølv.

Av katalogkortet til lydboka ser eg at boka er lesen inn av Hallvard Lydvo (sic) og at den varer i 22 timar og 4 minutt.
# lagt inn 18.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?