<$BlogRSDUrl$>

24.5.09

På kyrkjebakken 

Kyrkjene her ute i skogen er fulle av konfirmasjonspynta folk i dag, så eg reiste til Oslo og nynorsk gudsteneste i Uranienborg. Det blei riktig fint, med domprost Øystein Bjørdal som gjestepredikant og landets finaste liturgiske organist, Inger Lise Ulsrud, på orgelkrakken. Ja, ho er ein framifrå konsertorganist òg. Alle vers av "No livnar det i lundar", pluss salmar av Bernt Støylen (vel, gjendikting etter Paul Gerhardt), Per Lønning og Edvard Hoem. Og så nysteikte sveler til kyrkjekaffien, direkte frå takka på kyrkjebakken. Eg møtte eit par kjenningar eg sjeldan ser og har i det heile hatt ein triveleg søndag.
# lagt inn 24.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?