<$BlogRSDUrl$>

1.5.09

Salmebokteknologi 

Eit friskt innspel i salmebokdebatten stod Lars Ove Kvalbein for i Vårt Land 28.04.09:
I stedet for å trykke opp hundretusenvis av salmebøker ber Lars Ove Kvalbein kirken utvikle det han kaller «en god løsning for en digital salmetjeneste, der salmene kunne hentes opp fra en sentral server og vises på skjerm i kirkene.»

Det samme kan gjøres med liturgiske tekster.

- Dermed kunne vi få mer eller mindre papirløse gudstjenester, sier Bjørgvin bispedømmes miljørådgiver i forbindelse med den pågående gudstjenestereformen i Den norske kirke.
Det er altså miljøomsyn som ligg bak synspunktet. Men Kvalbein får svar på tiltale dagen derpå i same avis av forleggjar Arnstein Bjørke:
Minimal belastning. Forleggeren mener miljøbelastningen på salmeboka er minimal i forhold til nesten alt annet forbruk av papir.

- Den nye salmeboka har en estimert levealder på minst ti år. I løpet av denne tiden er den kanskje brukt mellom 500 og 1000 ganger i kirken. Det gir et forbruk på 0,2 til 0,4 gram pr. kirkebesøk, fortsetter han.

– Er du redd for en miljødebatt som kan føre til redusert opplag på salmeboka?

– Det har jeg liten tro på. Men det kan være greit å få en anledning til å sette utspillet litt i perspektiv. Det finnes mye velment miljøeengasjement, men forankringen i virkeligheten er ofte for svak, mener Bjørke.
Her skuldar eg å minne om den kjeldekritiske regelen "Følg pengane"; Bjørke representerer forlaget som fekk kontrakten om utgjeving av dei liturgiske bøkene.

Eg sluttar meg til ein svært reflektert kommentar Eyvind Skeie skreiv på bloggen sin same dagen som utspelet frå Kvalbein. Han seier mellom anna:
Det jeg tror på er en salmebok med det absolutte kjernestoffet, og så en digital distribusjon av tilleggsmaterialet, og det som skapes underveis.

Dette siste tror jeg kommer til å tvinge seg frem, både fordi teknologien finnes og fordi tillegget til salmeboken, med de nye salmene, kommer til å være utdatert nesten før det kommer i bruk.
I gamle dagar regulerte permane i salmeboka kva det var lov å syngje i kyrkja. Den tida er forbi, av mange ulike grunnar. Pluralismen rår. Dette kan tale for ein omfattande salmebase der lokale kyrkjelydar kan hente tekstar og tonar til projeksjon på storskjerm (eitt poeng til Kvalbein, to til Skeie) ELLER til kopiering på papir. Ja, det siste òg, datateknologi og storskjerm har langt frå ført til eit papirlaust kyrkje-samfunn heller, det blir kopiert opp gudstenesteark i store kvanta i norske kyrkjelydar, og dette er eit større miljøproblem enn bruken av salmebok (eitt poeng til Bjørke).

Det sentrale med ein slik salmedatabase, forutan valfridom, er å få eit ryddig forhold til OPPHAVSRETT. Ein bør ikkje stele i kyrkja, og i desse Pirate Bay-tider er det viktig å finne fram til eit ryddig, enkelt og brukarvenleg regime for bruk av opphavsrettsleg verna materiale (og her gjer Eyvind Skeie ein viktig innsats).

Vidare vil ein slik base gje plass til materiale med avgrensa levetid. Slikt er det antakeleg mykje av i salmebokframlegget. I Kirke og Kultur skreiv t. d. Trond Skard Dokka om dei såkalla "lovsongane": "Å plassere disse i bøker er i seg selv å rykke dem ut av deres naturlige habitat. Derfor bør de ut, og kan i stedet, etter anledning og behov, overlates til prosjektører og forsangere."

Likevel meiner eg det er bruk for ei kjernesalmebok med eit avgrensa utval sentrale salmar som er mykje nytta og som ikkje skal bytast ut med det første. Denne salmeboka bør maksimalt vere like stor som Norsk Salmebok. Ja, kanskje bør den vere identisk med Norsk Salmebok. Eg høyrer stadig fleire røyster som seier at vi framleis ikkje har nådd å syngje den boka inn, og at den godt kan få leve i mange år enno. Dette må vere det billegaste alternativet, og i alle fall det mest miljøvenlege ...

Oppdatering, 02.05.09:
Og nesten før eg har nådd å sove på det eg har skrive over, finn eg dette oppslaget i Vårt Land i dag:
‘Dropp ny salmebok’
Organist Jostein Maude i Ålesund kirke vil i stedet ha økumenisk «salme-YouTube».

...
Konkret foreslår han en tredelt løsning som alternativ til å produsere ny salmebok:
  • Digital sang- og musikkbank, en økumenisk «salme-YouTube» på nettet, som fornyes fortløpende og som rommer sang og musikk fra den tradisjonelle salmetradisjonen, men hvor det også er plass til frikirkelige bidrag, bedehusmusikk og moderne lovsang som Hillsong.
  • Den gamle salmeboka lever videre.
  • Nytt supplement i bokform, men i enkel paperback, ikke i stivperm som det nå legges opp til fra kirkelige myndigheter.
Maude har sterke, klare og lesverdige meiningar. Avisa oppmodar lesarane til debatt, så det er berre å skrive av hjartans lyst.
# lagt inn 1.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?