<$BlogRSDUrl$>

11.9.09

Biografinytt 

Oi, no er det vanskeleg å følgje med. Det skjer så mykje interessant.

Olav Aukrust: Eg prøvde ei stund å følgje med på mottakinga av Jan Inge Sørbøs fine biografi, i tillegg til å få lese boka sjølv. Eg har forsømt meg, ser eg. Har registrert fine meldingar og oppslag både i Klassekampen, Dagsavisen og Stavanger Aftenblad - men dei ligg ikkje på nett.

Jens Bjørneboe: No er fokus ein annan stad. Første del av Tore Rem sitt opus magnum om Jens Bjørneboe er på marknaden. Morgenbladet begynte alt førre veka med seksten(!) sider Bjørneboe-stoff, blant anna heile diktet "Mitt hjerte" sitert på leiarplass. Dette diktet betyr forresten mykje for meg. Eg skal ikkje foreslå det teke inn i den nye salmeboka, eg er nok for streng slik med kva som bør vere med, men det er sanneleg ein betre kandidat enn fleire av dei andre dikta som har kome med i framlegget.

Denne veka kjem meldingane. Dei er gode, til dels overstrøymande. Det er hyggeleg. Eg har stor respekt for Tore Rem både som fagperson, som entreprenør og som forfattar. Dessutan kjem han frå Hamar ...

Det var i si tid Fredrik Wandrups Bjørneboe-biografi som sette i gang den "biografibølgja" vi biografar visstnok framleis siglar på. Men det skal bli hardt å overgå Rem, ser det ut til av Morgenbladet (Erik Bjerck Hagen), Bergens Tidende (Pål Gerhard Olsen) og andre bokmeldingar (som hittil ikkje er å finne på nett). Sjå òg intervju i Aftenposten, Klassekampen, NRK.

Eitt interessant fellestrekk mellom Bjørneboe- og Aukrustbiografiane ligg i vektlegginga av antroposofien. Aldri før har påverknaden frå Rudolf Steiner og tilhengjarar vore så seriøst behandla som i desse to biografiane.

Ragnhild Jølsen: No har dei første annonsane for Arnhild Skre sin Jølsen-biografi stått på trykk. Meir lokalpatriotisme følgjer. Her finst det forresten også ein Bjørneboe-link. Folk i Ekebergdalen i Enebakk hugsar godt Bjørneboe frå den tida han budde i nærmiljøet her medan han skreiv "Drømmen og hjulet", romanen der Ragnhild Jølsen er hovudperson.
# lagt inn 11.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?