<$BlogRSDUrl$>

21.10.09

Dr. Halse 


Da har Per Halse gjennomført ein særs vellukka disputas over avhandlinga "Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908." Disputasar kan vere heller traurige greier når opponentane driv flisespikkeri på eigne kjepphestar og nyttar tida meir til å fortelje kva som manglar enn å diskutere kva som faktisk står i avhandlinga. Denne disputasen var ein fest. Tonen var velvillig, og doktoranden fekk mykje ros for grundig kjeldearbeid og engasjerande forteljing. Samtidig stilte opponentane gode spørsmål, og det på ein måte som skapte ein engasjert og spennande fagleg samtale.

Førsteopponent Hallgeir Elstad, sjølv kyrkjehistorikar ved Teologisk Fakultet, etterlyste til dømes ei grundigare kartleggjing av den teologiske profilen til dei ulike aktørane. For meg var likevel andreopponenten Bjørg Seland, historikar frå Universitetet i Agder, høgdepunktet. Dette var langt frå gamle dagars trykkfeilsdjevel-opposisjon. Gjennom gode konkrete døme peikte ho på punkt der doktoranden med fordel kunne ha vore tydelegare og gått lengre i bruken av analytiske grep. Begrep som "klassereise" og "sentrum-periferi" stod til diskusjon; dette er eit terreng eg kjenner meg heime i. Per svarte godt for seg, og eg trur tilhøyrarar med ulike føresetnader var godt i stand til å få med seg mesteparten av diskusjonen.

I kveld har eg hatt den store ære å vere kjøkemeister i doktormiddagen, som sjølvsagt blei halden på Kaffistova. Rettleiar Berge Furre heldt ein flott kontekstualiserande tale om huset, doktoranden fekk godord og gåver, og eg fekk bekrefta ein fordom: I ei forsamling av sunnmøringar kan du alltid dele ut ein firstemmig korsats og vente at dei syng den frå bladet. I alle fall når det handlar om deira eigen Anders Hovden og teksten er "Fagert er landet".
# lagt inn 21.10.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?