26.10.09
(Gammalt) salmenytt
Aage Myksvoll har gjort meg merksam på eit kraftfullt innlegg i salmebokdebatten. Det er frå i vår, men eg har oversett det:
– Salmesjangeren står for fallFrå Indremisjonsforbundets nettsider. Artikkelen er datert 26.05.2009.
– Dette vert Elias Blix sin åndelege død, seier Trond Kverno om framlegget til ny salmebok der den nordnorske komponisten sine salmar er drastisk redusert.
– For nokre år sidan feira me 100-års jubileet for Elias Blix sin død. I år feirar dei jubileet for hans åndelege død, ved å fjerna halvparten av salmane hans frå salmeboka, sa kyrkjekomponisten Trond Kverno til tilhøyrarane på Kirkelig Fornyelse sine Arbeiderdager i Centrumskirken i Bergen.