<$BlogRSDUrl$>

6.11.09

Blix som var 

Det går mot helg, og det er tid for ei lita oppsummering av den siste vekas Blix-arrangement.

Allehelgensdagen var eg i Hamar domkyrkje, som eg frekventerte ganske ofte i ungdommen. Bra med folk på ein mørk sundagskveld, mange gamle kjente, god song og god stemning. Domkantoren var blitt liggjande med influensa, men Hans Jacob Børresen gjorde ein heltemodig innsats på orgelkrakken, så det gjekk godt. Sidan dette var eit misjonsmøte, fekk eg jamvel sjansen til å seie litt om Blix og misjonen. Det har eg visst aldri gjort før. Mannen har skrive eit par misjonssalmar, og han hadde fleire kjenningar som blei misjonærar. Men eg kjenner ikkje dokumentasjon på at han sjølv engasjerte seg organisatorisk i denne rørsla. Indremisjon og israelsmisjon var han i nær kontakt med i Tromsø og Leipzig, veit eg. Særleg hyggeleg var det å få helse på (oldebarn) Inga Blix, tekstilkunstnar busett på Hamar.

Onsdag gjekk turen til Grinilund kyrkje i Bærum. Det blei òg ein veldig fin kveld, med songgruppe frå "Nabokoret", møteleiing ved Ragnar Telhaug og tonefølgje ved dirigenten Liv Klevstrand. Det var slett ikkje vanskeleg å målbere målsaka i Bærum under slike tilhøve. Songarane ramme inn det heile med ein av dei første salmane til Blix, "Gamleåret seig i hav" (1869) og ein av dei siste, "Jesus i Ljosbragd på Berget" (1900).
# lagt inn 6.11.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?